Gullguttene gutt 14

Sidelinjeobservasjoner fra engasjert lagleder

Stolte øyeblikk på Norway cup

Vi har behørig dekket Norway Cup underveis med bilder og foto, og de fleste har vel fått med seg de mange kjekke opplevelsene for Blindheim. Lagleder Tone Grotle på gullaget G14 skrev dette til guttene, og det var så bra at vi har lyst til å dele med resten av klubben. 

Under kommer en beretning fra sidelinjen, skrevet av en engasjert Tone!

Norway Cup 2017 ⚽️🥇🏆

Ka e det vi har vore med på? Norway cup er faktisk VERDENS største fotballturnering. Og der var vi. G14. En gjeng kjekke kara som spela fotball. For nokre år sida vann vi alt, men det er lenge sida. Vi har tapt kamp etter kamp og knapt greid å scora mål. Dette med "tap og vinn med same sinn" er vi ferdig med for lenge sidan. Vi veit at det er kjipt å tape, og kjekt å vinne. Vi likar å vinne.

I vinter sleit vi, skikkeleg. Berre nokre få på trening og drit var det. Lurte på å slutte med fotball? Krise. Vi møttes på klubbhuset, diskutere og fekk vite kva klubben kunne få til. Vart einige om å gå for dette. Hale i land denne sesongen og bevare G14 i Blindheim.

I vårsesongen gjorde vi det bruktbart i serien. 11'er med god og nødvendig hjelp frå J14 og G04.

Norway cup til sommaren. Ei gulrot. Satsa på å ha det kjekt ilag. Fokus på det sosiale. Det sportslege og resultatet var ikkje så viktig. Kjørte nedover lørdag, møttes på skulen til innkvartering og så på åpningskonsert på Ekebergsletta. De gadd ikkje vere på konsert. Berre jentemusikk, ikkje noko for dokke sjølv om det truleg var jenter der sidan det var jentemusikk. Ville tilbake til skulen. Chille.

Søndag kom, første kamp mot Fyresdal. Lars Ola og Andreas coacha. Eg kom no til og marla om mitt; først på og ville mest. Kampstart. Ka skjedde? De var først på og ville meir enn mest. 0-7. Ka svarte skjer? De scora sju mål! De. G14. Ikkje te å tru.

Mandag, Bogenhausen frå Tyskland. De var best. Heile kampen. Låg likevel under 0-2. Reiste dokke. Sto på. 1-2 til pause. Kjørte på, ville mest og vann 3-2. Takk og lov for det. Rettferdig. De gjekk roleg til dei og takka sportsleg for kampen. Dei ville helst gå under jorda.

Kvelden før hadde de snakka om at de hadde lyst å dra på trampolinepark. Ugh. Supernervøs. Skade? Kan vi ta sjansen? Rett å seie nei? Kva skal vi gjere? Sa til dokke akkurat som det var. Resultat? De forstår, er einige og tek ikkje sjansen. Vi er for få. Ikkje råd til et overtråkk eller ei vridning. Takk for det.

Tysdag. Heimdal. Antatt tøff motstand. De berre grusa dei. Ville meir enn dei nokon gong var i nærleiken av å tenke. 0-9.

Onsdag. Moster. Uansett puljevinnar, og vidare til 8 dels finale i A slutt spel. Innstilling; vi vil mest, er best, og skal gå ubeseira ut av gruppa. Fullt trøkk. Siste ti min av kampen slappar litt av og litt mindre på. 7-0.

Walkover til 8-dels finale.

Onsdag ettermiddag. 8-dels finale mot Indre Kåfjord. Vi grusa heile Troms og Finnmark og ingen var nokon gong i tvil. Vi ville mest og var best. 5-1.

Torsdag morgon. Kvartfinale. Utleira. 4-1. Full kontroll. Telefon frå NRK. Om eg var lagleiar til dette G14 års laget som storma inn i semifinalen? Yes!!! Lita tid til neste kamp. Mc'ern og gul redbull. Vatn og smoothie. Sunt og næringsrikt kosthold.

Torsdag ettermiddag. Semifinale. Frei. Dei ville mykje og kjempa hardt. Vi vart sett på prøve. Kraftig. Men vi ville mest. 2-1. Lars Ola på direktesendt ettermiddagssending på NRK Møre og Romsdal.

Herlighet. Finale i morgon. Vi. G14. Ikkje te å tru. Vi. G14. FINALE!!! TV2 direktesendt. Erik Thorstvedt kommentator. Ugh. Ugh. Ugh. Ugh. Okei. Førebuing. Vi gjer som best vi kan.

Finale. Nervar. Bleike. Nervøse. Redde for å gjere feil. Garderobe med AC Milan, streng orden og hårføner. Vi hang sekkane våre opp på rekke og rad. Ikkje rot. Ingen hårføner. Oppvarming. Møtte i innmarsjteltet 15 min før kampstart. Venting. Ved sida av Ørskog. Nervane banka på. Kvalm. Hyperventilering. Minutta snigla seg avgårde. Så, yes...innmarsj. TV2 og greier, mange NC folk som passa på og fulgte opp, ingen feil. Herlighet... på TV no.

Kampstart. Den kan vi sjå på Sumo. Vi var best og ville mest, men fekk ikkje mål. Uavgjort etter eo. Gull!!! Føles litt som tap. Nei, vi har vunne!! Følelsen er der ikkje heilt. Foto og lagbilde...... Jubel. Glede. Enormt med inntrykk. Genser. VINNER 2017 NORWAY CUP på ryggen.

8 kampar, derav 7 seier, ein uavgjort, 37-5 i målforskjell. IMPONERANDE.

Dette har vore ei veke kor G14 har levert samspel på bana. De har vist at her er summen av en pluss en er meir enn to. Det er óg ei menneskeleg side, den kan ikkje teljast. Derfor vert summen meir enn to. De har vorte betre ilag på bana, og vorte tettare knytt saman utanfor bana. Norway Cup handlar om samspel og vennskap. G14 har begge deler.

Trenarane. Lars Ola. Kjekke, gode og omsorgsfulle LO. Takk. Tusen takk! Du er gull🏆verdt. Og takk Birgitte, takk for din support. Andreas: frisk og ungdommelig. Så kjekk. Så engasjert og temperamentsfull for våre ungar. Takk!

Eg er rett og slett glad og takknemleg for det de alle har gjort denne veka. Fy søren så heldige vi er, oppleve slikt med så kjekke ungdommar. Må berre sei tusen takk. Så takknemleg. Tusen takk for alt vi har bak oss. Og tenk framover. Vi har masse kjekt i vente. Steik kor eg gler meg😄

GRATULERER 😄 tenk at de bålljane har fått den største pokalen på klubbhuset💪🏼⚽️🥇🏆😂

Hovedsponsor

Samarbeidspartnere

Siste fra Facebook

Banekalender

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products