Flott sesongavsluttning!

A-lag og juniorlag fotball feiret året

Flott sesongavsluttning !

Innsendt bidrag fra trener Magne Elde.

 

Fredag kveld var A-laget og juniorlaget samla på klubbhuset for å avslutte eit flott fotballår !
På programmet stod det god julemat, prisutdelingar, litt underhaldning og ikkje minst kjekt sosialt samvær.
A-lags og juniorfotballen i Blindheim har hatt ei flott utvikling dei siste åra, der vi har fått fleire til å bli med lengre, samstundes somvi har spelt 1.divisjon junior og kjempa heilt i toppen i 5.divisjon med A-laget.


Juniorlaget vart nr. 7 i årets 1.divisjon. Målet med juniorlaget har i år har vore å gje mange speletid, utan eit sterkt resultatfokus.
A-laget har vi jobba beintøft for å få opp i 4.divisjon i år, og vi var særs nær å lykkast !
I siste delen av sesongen har vi vore divisjonens beste lag, slått både Ørsta og Valder(som var dei to som rykka opp) og knapt tapt ein fotballkamp.
Kun 1 tap på dei siste 12 seriekampane, eit tap som kom heime mot Herd 2. Det i ein kamp der vi møtte eit særs «toppa» Herd 2-lag og leia kampen 3 gangar.
Vi alle er nok framleis litt skuffa over at det ikkje vart opprykk, men vi har uansett hatt ei flott utvikling og har noe in god miks mellom «gamalt» og ungt i troppen.


Statistikken til fotballkretsen viser at vi er 5.divisjons yngste lag(snittalder). Vi har løfta den litt i høst, kansje har det gjort at vi har vore litt meir stabile i prestasjonanen våre. Vel å merke seg er det at vi har hatt ei særs bevist haldning i forhold til at vi skal bygge eit lag rundt våre eigne gutar !

Blindheim sitt A-lag skal først og fremst vere eit lag for Blindheimsgutar. Sjølvsagt er det lov å «krydre» med nokon utanfrå om det passar seg slik, men i lokalfotballen er det for meg sjølvsagt at lokale lag, skal bestå av lokale(eigne) gutar. I år har samtlege i stallen utanom Preben T. vore ekte Blindheimsgutar, det er vi vanvittig stolte av !

Her er utruleg mykje bra å bygge vidare på, og gode forutsetningar for at innan kort tid så skal A-laget kunne ta steget opp minst i 4.divisjon i første omgang.  

Underteikna vil takke for 2-3 flotte år saman med ein gjeng gode fotballspelarar, men ikkje minst flotte folk !

Ei ekstra takk til støtteapparatet som har gjort ein flott jobb, og eg vil spesielt nevne samarbeidet i år med Aleksander og Preben, det har vore heilt i verdsklasse 😊

Desse prisane vart utdelt på festen :

A-lag :

  • Årets spelar trenarteam : Erik Florvaag.
  • Spelarane sin spelar : Preben Hagen Torvanger.
  • Årets unge spelar : Emil Karlsson.
  • Beste treningsoppmøte : Erik Florvaag.
  • Årets mål(kåra av spelarar og støtteapparat) : Johannes Tjøstheim - borte mot Valder.
  • Årets toppskårar : Emil Karlsson - 15mål.
  • Assistkongen : Fredrik Kroken Rotset – 10 assist.
  • Hagesellebørsen : Preben Torvanger. Andreas Hageselle sin pris etter å ha gjeve poeng på spelarane i kvar kamp.

Junior :

  • Årets spelar trenarteam : Erik Florvaag.
  • Spelarane sin spelar : Sivert Furevik.
  • Toppskårarar : Emil Karlsson - 8 mål.
  • Årets mål : Joakim Haugen - borte mot Emblem.

Takk for meg, og mykje lykke til vidare, gutar ! 😊

Sportsleg helsing
Magne Elde

Emil Karlsson

Erik Florvaag

En stykk Rotset. Trolig Fredrik.

Joakim Haugen

Johannes Tjøstheim

Preben Tor Vanger

Sivert Furevik

Turneringer

PÅMELDING TAFJORD CUP

 

Hovedsponsor

Samarbeidspartnere

Siste fra Facebook

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift