Erik til Vika !

Vår 99-model Erik Florvaag går no til Spjelkavik sitt A-lag i 3.divisjon.

Erik Iversen Florvaag tek no steget frå Blindheim sitt A-lag i 5.divisjon til Spjelkavik i 3.divisjon. 
Etter å ha trent ein kort periode med Vika før jul, så var ikkje trenarduoen Aarøy/Fagermo i tvil - denne guten vil kunne 
bidra på vårt lag i 2018.
Etter ein god dialog mellom klubbane, så vart vi einige om at Erik skulle vere med å bidra for G19 i kvalifiseringa til 1.divisjon.
Dette før vi tok overgangen. I går var Erik med å sikra 1.divisjonsspel i 2018 for juniorlaget som kaptein. 

Erik var aldri den beste i vår gode 99-årgang når han var yngre. Likevel er det han som i dag er blitt den beste spelaren i denne årgangen, 
noko som overgangen til Vika no viser. I 2015 "sneik" han seg med på a-lagstreningane, sjølv om han eigentleg ikkje var god nok. 
Høsten same året fekk han også sin debut på A-laget-
Gradvis tok han steg for steg, etablerte seg på laget som back i 2016 og vart årets unge spelar.
I fjorårets gode sesong utgjorde han 5.divisjons beste stopparduo saman med makker, Preben H. Torvanger. 
Erik vart også kåra til årets spelar i 2017.
Lørdag debuterte Erik for Vika i 1-1 kampen mot Hødd, der Erik like godt hadde assisten til Vika sitt mål.

Som fotballspelar har Erik god fart, bra ferdighetar, bra fysikk og duellstyrke og siste men ikkje minst ein fantastisk mentalitet !
Vi er sikre på at Erik vil ta nye steg i Vika og så håpar vi på at han ein gang i framtida er tilbake i den kvite drakta :) 

Vi ynskjer Erik mykje lykke til i Vika og med fotballen !

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift