Tøft å vere keeper !

I samarbeid med vår A-lagskeeper herrer, Anders Kroken, så vil vi ha fokus på keeperrolla i barnefotballen fram mot sommaren.

Vi vil køyre ei samling med fokus på trenarane og korleis dei kan legge til rette for keepertrening og 6 samlingar med reine keepertreningar.

Tirsdag 10.04 : Trenarsamling med teori og praksis ved Anders Kroken.
Tema : Korleis kan vi organisere keepertrening på eigne lag. Kva skal vi fokusere på ?
Målgruppe : Lagstrenarar 7-14 år.     Tidspunkt : Kl.17.00-19.00.
* Keeperar i aldersgruppa 11-14 år møter som objekt på samlinga.

Keeperlørdagar :

Anders vil køyrer keepertreningar følgande 6 lørdagar kl.11.00-12.30.
- Lørdag 14.04.           - Lørdag 21.04.           - Lørdag 05.05.
- Lørdag 12.05.           - Lørdag 26.05.           - Lørdag 02.06.

Målgruppe : Keeperar på laga i aldersgruppa 11 til og med 14 år. Både gutar og jenter.

Ingen påmelding – dei som vil møter og det håpar vi blir mange !

Det er kjekt om trenarane også er med å observerar treningane.

Har du spørsmål ?

Kontakt Magne på : magne.elde@blindheim.idrett.no


Dette blir kjekt 😊

Hovedsponsor

Samarbeidspartnere

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift